tirsdag 1. mai 2007

Fins det liv på andre planetar??


Ei forskargruppe frå Globb? har i to veker no prøvd å kartlegge aktiviteten på planeten Baleby. Ein liten men vakker planet i solsystemet Sogn(Planeten heiter eigentleg Balestrand, men fekk den nokså ironiske betegninga BaleBY nettopp på grunn av fråveret av aktivitet der. red.anm).
Kartlegginga skulle vise seg å vere vanskelegare enn forventa. Aktivitet var det, men i så lita grad at forskargruppa vart usikre på om det var nok utslag til å kunna publiserast i rapporten.
Dei valde likevel å notere det ned, og gir oss her ei stikkordsinnføring på noko av det dei har registrert desse vekene, med utgangspunkt i forskarobjekt #1, Grøjblos(hokjønn):
Arbeiding, eting, soving, maling, luking, grilling, bading, leking, soling, lengterlitttilBergening og gledersegtilESCFinlanding.
Vi i Globb?-redaksjonen takkar for utdraget frå rapporten, og lovar å publisere meir informasjon frå Baleby etterkvart som forskarane oppdagar meir liv.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Kjære!
Jeg tror forskningsgruppa er glade for at du finnes i Baleby. Hadde ikke du vært der, ville aktiviteten sunket enda fem hakk. Det hadde gjort drastiske utslag på aktivitetsskalaen.
Lucky Baleby som har den artigste, rareste og søteste nord-hordalendingen boende i sin midte!
I dag foreslår jeg at du tar med deg de kjipeste elevene på Sygna ned til brygga og hopper tau! Og så har dere "kongen på haugen" på bryggekanten etterpå.

Anonym sa...

Du vet at jeg definerer "rar" som et godord!

Anonym sa...

Jeg skal komme å lage liv i Bale-By te helga! Så kjære forkningsguppe: Vær beredt!...

Anonym sa...

Det er bra! Takk for all støtte, jenter!! Blir bra når du kjem til helga, Merete! Baleby har fått vårdrakta på, og sola steiker, så du kunne ikkje ha kome på eit bedre tidspunkt!!
Balestrand opner dørene 1. mai(hoteller, museum og souvenirbutikkar), så i dag skulle me benytte oss av sommarsesongen sitt gourmet-tilbodet her. Men me møtte veggen. På hotellet opna dei ikkje serveringa før om ein time, og på kafeen skulle dei til å stenge. Så då blie det heimelaga toast til middag...
Og i kveld har eg vore på komitemøte i Sognefjord swimfestival, så jo, no begynner det å skje litt.... Hu-ra!