Opp i otta lørdag morgon, pakka i ein fei, møtte Astrid og cruisa mot Hordaland. Men turen vart kraftig forsinka etter 20 minuttars køyring. Me traff på ein svær stein ved Nessane, og eg fekk mitt livs første punktering! Badabim!

Men med jomfruer i nød er hjelpa aldri langt unna. Ikkje mindre enn tre bilar med hjelpsomme menn stoppa og hjalp oss. Kanskje litt meir hjelp enn me strengt tatt trengte(trong? Trang? Har trungte?), men veldig kjekt likevel.

Og mens snill mann nummer tre holdt på å skru fast reservehjulet mitt, høyrde me eit smell i det fjerne. Då var det ein ny bil som hadde punktert på akkurat samme steinen. Sånn kan det gå du! Følte meg ikkje så dum lenger då, og hadde egentlig ein ganske deilig følelse då me kunne suse vidare med ny-skifta dekk, mens folka i punktert bil nummer to stod igjen og styrte for å skifte sitt.
Resten av turen gjekk smertefritt med Astrid ved rattet, så me kom oss heim til jul begge to. Jepp.