søndag 21. desember 2008

Siste innspurt før jul

Desemberdagane har gått vanvittig fort i år!
  • Dei første dagane var via førebuingar til julefesten(Årets gallakveld på Synga, med staselig middag, revy, og kaffikos/juletregang etterpå), som trass i mannefall, tidspress og tekniske problem i forkant vart ein flott fest i år også. Kjempekjekt!
  • Søndag var det julebord i hytta ved ja-steinen, arrangert av nissane Lene og Karen. Veldig koselig kveld med graut og god stemning.
  • Mandag hadde eg taco-kveld for elevane som hjalp til på haustfesten. Koselig kveld med mykje leik og moro!
  • Tirsdag var det bibelgruppeavslutning med Kamilla og Tyven hos Anne
  • Onsdag var det storvask på internata, og nok å gjere...
  • Torsdag var det årets siste møte på skulen
  • ...og fredag var det avreise for elevane, og me kosa oss med pizza til både middag og kvelds, hos Laila og Kyrvestad. Stas!

Puh! No ventar total avslapping med familie og venner i jula. Det vert deilig! Ha ei velsigna god julehøgtid!

"...Oss er en evig Frelser født!"

Ingen kommentarer: