torsdag 15. mars 2007

Basar!



Frå august til mai ligg Balestrand brakk. "Me har stengt. Kom tilbake til våren!" Bygda går for halv maskin, og det er langt mellom fritidstilboda for dei som er over 20 år. Derfor er det ikkje rart staben på Sygna går mann av huse når det er basar på Bedehuset. Årer til ti kroner stykk, laga på 70-talet, raslinga frå trekke-apparatet, den ulidelege spaninga når fruktkorga går, den ikkje fullt så store spaninga når pakka med fargerike, blomstra serviettar, kjøpt på halv pris på coop'en går, overivrige små gevinst-utdelarar, med reduserte navigeringsevner når gevinsten skal fram, kaffiflekkar på serviett-duken, den hyppig gjentatte setninga "sjå då, eg var berre EITT tal ifrå!", barneskrik og -latter, familien som ingen kjenner, men som vant opptil fleire ting på loddboka. Ting som dei sikkert ikkje treng eingong. Historia gjentar seg alltid! Om eg vant? Håneidu! Sjølv om nesten alle på bodet mitt gjorde det... Men neste gong!

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Hallois....
SOLBJØRG, LENA og MERETE....

Sjekk ut bloggen min...

Anonym sa...

Jeg er veldig glad for at de har basar i Baleby. Gevinstene drypper på meg. Den rødorange juleduken jeg fikk etter forige basar,er lagret i skuffen. Og neste jul, etter at jeg har farget den helt rød, da skal den kanskje pryde stuebordet. Jeg satser på fler gevinster som tar veien over fjellet. Måtte du vinne neste gang!