fredag 29. juni 2007

Lyrikk-frustrasjon


Dette starta som ein kommentar, men vart til eit innlegg. Må berre fortelle litt meir om diktet i forrige innlegg. Hører rykter om at ikkje alle tok den... -Samtidig vil eg rette ein krass kritikk mot bursdagslyrikken i Strilen.

Det er nemleg kun folk utan rim-og rytmesans som skriv bursdagsdikt i lokalavisa mi:


  • Feilskriving av fra loft til kjeller-saken kjem hyppig: "Hør hvor det smeller, for nå har du bursdag!".

  • Bytting av substantiv og verb, utan at det gjer diktet noko teneste, endå oftare: "Og nå skal kake du spise, og vi hurra roper!"

  • Jukserim: "Du har fødselsdag! Håper det blir en bra dag!"(det vrir seg i magen min!)

  • Sist men ikkje minst at ting ikkje rimer i heile tatt! "Gratulerer med din dag! Håper du feirer fint!"

Det er morsomt å lese desse dikta. Men også frustrerande. Det er forfall i den norske lyrikken! Ein dag fant eg to heilt forferdelige dikt i Strilen på same side. etter å ha ledd og grine litt fant eg ut at det var same personen som hadde skrive dei, men til forskjellige folk. Eit lite håp vart tend i meg. Kanskje det er ho som skriv alle desse dikta? Kanskje det er håp likavel?

1 kommentar:

Anonym sa...

Om ikke annet gir avisa oss noe å le av. Det var en glede de dagene avisa fallt ned i postkassa vår i Kristiansand. Kanskje jeg skal begynne å abonnere jeg også? Latter forlenger vitterlig livet.