mandag 19. februar 2007

Monster-barnevakt eller barnevakt-monster?

Eg passar katten til Ragnhild i ei veke. Katten er kosete og superherleg 70% av tida! Men ho er også blitt tenåring(ca 1/2 år), og som tenåringar flest gjer ho opprør mot sine foresatte. -Går der ho veit ho ikkje skal gå, og krangler med matmor. Uteliv er svaret. Når ho begynner å bli vill, er det berre å sleppe ho ut eit par timar, så ho får rast frå seg der. Å sleppe ho ut er imidlertid svært vanskeleg når ho er roleg. Då sit ho ute på trappa og remjar "Solbjørg hatar meg! Kvifor hatar du meg Solbjørg?". Og kattepassaren blir så blaut, at katta blir sluppe inn igjen på flekken. Konsekvent kattepassar! Kjempe! Ellers har eg trent mykje på orda "Nei.", "Nei!", "Neiiiii!", "NEI!" og "NEEEEEEIIIIII!!!!!" i helga. Og meir skal det bli.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hva med å lese Nick Pollards "Teenagers why do they do that?" Den kan gi nyttige råd og innspill i en heller fortvilet situasjon.

Lykke til!

Anonym sa...

Takker og bukker! Og så skal eg og katten ha kollokvie over kvart kapittel etterpå. Det blir bra, vettu!

Anonym sa...

Jeg vil råde deg til å vektlegge kapitler som sier noe om forhold og respekt for egen og andres kropp. Der har katten noe å lære!