
Eg er med i Acta-styret i Sogn og Fjordane. Styremøta foregår i Sandane. I luftlinje ligg ikkje Sandane så langt frå Balestrand. "Snarvegen" oppover er stengt frå oktober til juni. Og utan eigen bil er det ei dagsreise å kome seg opp dit med buss, ferje, bil(sitte på), venting og haiking. Då eg var på veg til møteplassen i går fekk eg vite at sjåføren min var sjuk og kunne ikkje dra likevel. Hurra! Då hadde eg bussa godt på veg til Sogndal. Og sidan eg aldri hadde greidd å samle saman nok korresponderande bussar til å kome meg frå Sogndal til Sandane på eiga hand i løpet av fire timar, var det ikkje anna å gjere enn å vente på første buss tilbake til Balestrand. Godt å få brukt nokre hundrelappar busspengar til ingenting! Hurra igjen!
På vegen tilbake trøsteåt eg halvparten av bollane eg hadde baka til styremøtet, og inviterte til bollefest heime hos meg for å bli kvitt resten av bollane. Og straks vart humøret meget bedre!
No tar eg opp billån og kjøper meg ny bil.
Takk Globb? for at eg kan blåse ut her.




