fredag 30. januar 2009

Mobil drept av eigar


Balestrand 30/1/09: Det var i åtte-tida i går morgon at mobiltelefonen fekk ein brå slutt på livet. Mobilen heiter Sony Ericsson k750i, og vart berre 3 1/2 år gammal.

Gjerningskvinna, ein internatleiar busett i Balestrand skulle etter det Globb erfarer kose seg med litt kaffe mocca før ho skulle på jobb. Plutselig mista ho kontroll over koppen og heile innholdet falt over mobilen. Den døydde momentant. Det har ikkje lukkast Globb å få ein kommentar frå den unge kvinna, men sikre kjelder vil ha det til at ein ny Sony Ericsson var i bestilling allerede ein halvtime etter ulykka inntraff.

2 kommentarer:

Anonym sa...

solbjørg, da. stakkars mobilen. håper du bestilte en litt mer seigliva en denne gangen. ryktene har det til at nokia-telefoner kan mistes ned trapper fra stor høyde og deles i to, men fortsatt fungere. kanskje du burde vurdere en sånn en denne gangen... ;)
kos deg heime hos ho mor!

Globb sa...

Eg trur faktisk min kjære sony ericsson(r.i.p.) var like robust som ein nokia. Den har overlevd 3 1/2 år med meg, inkludert eit tresifra antal fall, eit halvt år utan batterideksel, samt ei flodbølge med saltvatn. Så den er seig som få...