torsdag 24. januar 2008
Ut på tur!
Om du skulle vere så uheldig å ikkje like aketurar, skigåing, kortspeling, håndball-EM, bålbrenning, tv-kikking eller videokveldar, er ikkje Balestrand plassen for deg mellom november og februar. Det er stort sett det det går i denne perioden. No er eg så heldig at eg likar aketurar, skigåing(med moderasjon, naturligvis), kortspeling, håndball-EM, bålbrenning, tv-kikking og videokveldar, men det er likevel deilig å gjere noko heilt anna. Som for eksempel å reise til London!
Margunn, Karen Marit, Arnhild og eg setter oss på flyet i måro ettermiddag. Sol, tørre gater og tosifra plussgrader blir deilig! Portobello, Camden, Primrose Hill, vandring i sentrum, musikal og shopping er heller ikkje å forakte.
Alle er enige om at det kan bli ein bra tur! Rapport følger
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Velkommen til Notting hill!
Tænk ju small sister!
God tur kjære Solbjørg!
No er eg spend på rapport!
Legg inn en kommentar