mandag 8. oktober 2007

Overlevde uvakker reis, del 2

Det var endeleg haustferie. Solbjørg hadde lukka og låst i Balestrand, satt Annki på flyet, og cruisa no mot Oslo og resten av globb-gjengen i "Kols", Solbjørg sin nye gamle bil. På veg over fjellet begynte sola å skine, grand prix-musikken dundra på full styrke i bilen, Solbjørg var i rute, og alt var såre vel.

Det var då det skjedde... Eller slutta å skje. Utan forvarsel sa bilen god natt og takka for seg. Solbjørg greidde akkurat å kome seg inn i ein avkjørsel ved Hemsedal før bilen slokna heilt. Etter å ha engasjert halve slekta via mobil, og halve Hemsedal med prøving, feiling og trekking til verkstaden, fekk dei konstantert situasjonen til "Kols": Registerreima hadde slitt seg. Og dei som har peiling på bilar veit at dette kan bety døden for ein motor. Den endelege dommen over bilen får me på tirsdag.

Og der stor Solbjørg billaus i Hemsedal, og såg ingen annan utveg enn å kome seg til Oslo på verste måte. Haiking. Ho skalv der ho stod, mens ho vifta med tommelen på ekte mormor og dei åtte ungane vis. Kven ville stoppa?

Det vart Hallvard. Streit som ein pinne. Ein skikkeleg Stautis. Saman med bussmissaren, og den dermed også haikande polakken Oleksandr, humpa dei i veg til hovudstaden. Sidan St. Hallvard vart teken i fartskontroll nokre veker tidlegare, vart reisa to timar lengre. Han kjøyrde i same fart som mormora til Solbjørg kjøyrde i for mange Herrens år sidan (ho hadde aldri lappen). Minimum 50 bilar passerte dei i forbikjøyringar.

Då dei kom til Oslo S sa Oleksandr: Takk! Det var polakken sin einaste ytring i løpet av dei mange timane. Solbjørg åt ei skive med speilegg og stupa i seng. For ei reis. Denne gongen var han verkeleg uvakker.

Merete meiner at det er bra at Hallvard var ein streiting - og ikkje ein gærning. Lena meiner at det hadde vore kult med ein rånar. Solbjørg ville gjerne hatt ein sjåfør som var litt meir singel og litt hardare på gassen.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hvordan går det med "Kols"? Lever han? Og står han enda og fryser i Hemsedal??

Anonym sa...

Hva med Solbjørg etter haiketuren med lusekjøreren? Det er viktigere enn bilen!! Lever du godt?

Anonym sa...

Intet svar fra kvinnen i Baleby? Hei?

Anonym sa...

Sjokkerende!

Anonym sa...

Jau då! Jenta lever. Og bilen skal leve. Han skal berre få ei ny nyre, og så vert han henta heim te mor. Alt vel i Baleby. God helg til alle!