mandag 10. mars 2008

Kaizere i gokk


Søndag satte fire Kaizers-fans seg i bilen og køyrde to timar frå Balestrand til Dale i Sunnfjord for å få med seg konserten med sitt favoritband. Dei var nesten like spent på korleis forholda i Fjalerhallen var, som på kor bra konserten ville bli. Og urbane og bedrevitande som dei var, fekk dei nok å snakke om då ein etter ein av bygdekonsert-fordommane vart bekrefta før konserten. Mellom anna vart det servert pølser i brød og kaffi frå blomstrete tv-kanner, ungar sprang og leika i hallen, Kaizers-gutta rusla rundt mellom publikum då oppvarmingsbanda spelte, utan å verte lagt særlig merke til av dei frammøtte, dei ivrigaste som plasserte seg framfor scena talte knapt 100 stykk, mens foreldre og foresatte spreidde seg avventande rundt i den halvtomme salen.

Så kom endelig Kaizers Orchestra på, og alt var som det skulle vere. Kaizerene gav 100% trass i glissent oppmøte, og den vesle gjengen framfor scena sang for full hals på alle songane. Litt stille mellom songane i starten, men konsertopplevinga og jubelen i salen tok seg opp sang for sang heilt til siste ekstranummer, då stemninga var heilt eletrisk! Takk og takk! Fantastisk avslutning på helga, og verdt køyreturen og pengane!

4 kommentarer:

Anonym sa...

var det åresalg og basar også?

Anonym sa...

æsj, jeg trodde alle dumurer og andre hadde skjønt tegninga. Men her var de igjen. Vi satser på at dumuro er den som er tregest i oppfattelsen.

Tok du imot stagediven, Polbjørg?

Anonym sa...

Stemmer det. Janove vant fruktkorga, mens Geir stakk av med heile tre par strikkesokkar. Sjølv vant eg ein finfin blyantspissar.
Eg tok imot stagediven på strake hender. Gjekk fint, det!

Anonym sa...

Det tror jeg på. Du er sterk som en hannokse, for å si det med smør på flesk! Lenge leve dive-dronninga.